Yoric

Det er fleire som spør (les- maser…) om Yoric  🙂  Det er mange grunner til det uten at eg går nermere inn på det no, men eg har lova å svare på nokre spm på mail – fann ut at eg da like godt kan skrive ein blogg.
Og han er virkelig spesiell, savner gutten men ikkje all jobben!

kenneltreff-september%2520-12%2520760[1]Med hjerte på rette staden  ❤

Mange har fulgt med i bloggen min, og Henric som har overtatt gutten skriver også blogg så det blir lett å følge med framover.    Eg spurde Henric for nokre dager sidan om Yoric var lettere eller “vanskeligere” enn forventa og da fekk eg dette svaret:
“Han är betydligt lättare än jag hade förberett mig på. Får han bara den uppmärksamhet han förtjänar är det inga som helst problem egentligen. Han lyssnar jättefint på mig när vi är ute, blir fortfarande lite stressad av bilar (även om det försvinner mer och mer) och det känns som vi kan börja jobba lite mer “på allvar” nu.”

Veldig godt å høyre!  Eg understreka at det var ein del å jobbe med så Henric var godt forberedt, ville ikkje han skulle tru han fekk noko ferdig oppdradd gutt nei.
Men som eg har sagt heile tida så har denne gutten enormt potensiale i rette hender, og der er han no  🙂  Da er det berre å la tida jobbe for gutten!

Yoric sin største styrke (som kan bli hans svakhet) er at han er så utruleg våken og førbar.  Han er MYE hund, men veldig myk og førervar- han har heile tida eit blikk, øre eller oppmerksomheten mot fører- har aldri opplevd makan hos noko hund!  Men ein så våken hund krever også ein tydelig fører sånn at gutten veit korleis han skal respondere i ulike situasjoner.

Denne type hund trenger også å bruke seg fysisk og mentalt- om ikkje går det fort over i gjeting på biler, pinnegalskap osv- noko må all energien brukast på.

Yoric er ein type hund som er i særklasse om man har nok kunnskap, er i forkant og er villig til å jobbe med hunden- kommer man derimot litt akterut så kan det balle fort på seg i negativ retning.

Eg brenner for rasen og vil at rett skal vera rett.  Det er mykje dårleg gemytt blandt aussien og eg skjønner at Yoric fort kan bli “ein av dei”, men det meiner eg bestemt at han ikkje er.   På dei mndr han var her  skjedde det ein heil del positiv utvikling på tross av at han var i verste hormonelle hanhund-alderen + at han vart ein av mange som krevde sitt.  Det tenkjer eg forteller masse om potensiale som ligger der når gutten berre får landa på alle plan og får alt det han trenger av aktivitet!

Mitt inntrykk er at mange av aussier har for mykje vokt og tar styringa, men det gjer ikkje Yoric.  Han er veldig lydhør i dei fleste situasjoner, men bikker det over i stress så mister han hue, da kan vokt og forsvar komme fram  😦    Men han er likevel lett å hente inn att.  Stressbiten vil nok gi seg når han blir tryggere på kva som er forventa av han, når ting har satt seg og han slepper å ta ansvar i ulike situasjoner.

Eg skal oppsummere meir fakta om Yoric under hans side under “hundane” om litt.  Men eg har altså god tru på at denne gutten kjem til å utvikle seg i rett retning så lenge han får det han trenger av aktivitet, grenser og trygghet.

Han har total avknapp inne og er ein fantastisk sjarmør.

Eg er så glad for at han no får alt eg kunne ønska for han- så da er det berre å håpe at han lander på sin rette pote  🙂

Da har eg sagt kva eg tenkjer om dette- det berører jo fleire enn berre Yoric.  Det er vanskelig å orientere seg innan denne flotte rasen synes eg.  Det er mange aussier som har blitt avliva pga av dårlig gemytt, men det er nok mange flotte hunder som har komt dårlig ut pga av at dei krever meir enn forventa også.

Skulle ønska fleire hadde skrive meir om hundane sånn at det hadde vore lettere å orientere seg for den vanlige valpekjøper og for andre oppdrettere.  Det er lissom så lett å skrive om resultater og titler ang utstilling og andre prestasjoner, men er det sjukdom eller avliving pga gemytt blir det knapt nemnt i ein bisetning…  veldig trasig synes eg.

Tenkjer at det er lettere å få rette valpekjøpere om folk forteller meir, og det vil jo komme rasen til gode også.

Vil man ha mye hund må man gjerne ta med nokre utfordringer på kjøpet, det kan vera dei beste hundane hos rett eiger- men heilt ubrukelig der det blir for mykje hund.  Andre gonger hjelper det ikkje om eiger er aldri så dyktig- veldig trist når det ender med avliving pga gemytt.

Eg hadde ikkje tenkt å skrive så masse men sidan eg har fått ein del spm ang gemytt og tanker ang avl på Yoric + spm ang slekt så tenkjer eg at eg like godt kan skrive det eg tenkjer om han i alle fall.  Om han vil bli brukt kjem sjølvsagt an på korleis han utvikler seg vidare- men så langt har eg ikkje betenkeligheter rundt det.

Den gutten er berre heilt spesiell  ❤

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s