Sånn blir det!

Eg får fortsatt gode tilbakemeldinger ang Yoric,  synes det er så moro å lese bloggen og sjå bilder av gutten!  Han har virkelig sjarmert seg  inn ny heim!  Er så utruleg letta over at han har komt til nokon som har masse kunnskap og vil trene, og ikkje minst er så fysisk aktiv.   Kunne ikkje blitt bedre.

Har fått mange kommentarer etter forrige blogg med bilder av to flotte gutter, kjekt om eg hadde fått det “skriftelig” da folkens  😉

Og da var vakraste gutten på full fart inn i sin nye tilværelse- heldige gutten!

Elles har eg tatt igjen litt tapt søvn, har sove tungt og vakner heilt mørbanka.  Skulle vaske hus og komme litt ovanpå med mange ting men eg har ikkje gjort så masse nyttig…

Men hundane har fått litt lengre turer og ikkje minst har alle fått trent meir enn på lenge- dei er alle fornøgde med med meir av tur, trening og kos  🙂

På torsdag trente eg og Cecilie her på Svenseid.  Utruleg moro å trene med Juba igjen.  Når det var hennar tur var ho veeeldig høg men eg tok ho rett inn i uthuset der Molly satt i bur og kjefta  :-p
Juba imponerer som vanlig- ho kom inn og såg desse som var der men ho hoppa rett inn på “fot” og jobba knallbra, til og med kunne ho rygge heiltent med rumpa mot sinnavepsen i buret  :-p
Vi trente også på å ligge på rygg og vinke med eine bakfoten- ho fatter ting veldig fort denne kloke jenta.
Veldig godt fornøgd med innsatsen, dette var knall trening for både Juba og Molly.

Så no får me brette opp armane og komme i treningsmodus igjen!  Juba er RÅ å trene med- ho har ein kroppskontroll som er heilt utruleg og ho bruker kvar muskel i kroppen sin.  Hadde ho vore frisk heile vegen og eg hadde hatt tid/overskudd til å trene med ho som eg hadde tenkt så trur eg faktisk at vi kunne komt langt på kort tid.  Men no får me berre prøve å ta igjen alt det tapte.

Flinke jenta mi.

Elles har eg vore litt sår på enkelte kommentarer ang Juba desse dager..  at Lilly må vike pga av Juba er visst ikkje lett å forstå…  ikkje alle som skjønner at eg velger sånn som eg gjer- Lilly er ikkje ei jente man gir fra seg, og om Juba er “sånn” så…
Synes eg har forklart det godt i tidlegare blogg kvifor det må bli sånn, og mange trur gjerne at det vil gå seg til no når Yoric har flytta..

Veit ikkje kor masse eg skal forklare eller “forsvare” mine valg heller, men det blir jo feil å skulde alt på Juba- det er eit samspill og uansett er begge jentene mine.
Grunnen til at dette har skjært seg trur eg er at Lilly har fått vondt når Juba har herja.  Når Lilly har letta på leppa og gitt beskjed tidlegare har Juba vore veeeldig flat, men Lilly har nok tålt ein del før ho har gitt beskjed.  Lilly har mange gonger halta etter at dei har leika/herja og dermed fått mange dårlige erfaringer.  Ho har begynt å dempe/unngå Juba når ho blir for intens og DA har Juba våkna og tenkt at dronninga i huset er kan henda litt pinglete- og dermed utfordra Lilly.  Dette er jo heilt naturleg adferd i hundeverden, men for meg er det veldig trasig når det skjer.

Og det blir rått parti når desse to ikkje er einige- Lilly er berre eit lite frø i forhold til Juba, og den jenta er råsterk!

Eg trur ikkje at det ordner seg så lett mellom dei to, og når det kan smelle så heftig på sekunder  vil eg nok vera veldig på allerten sjølv også.  Lilly som heile livet har vore ei bortskjemt prinsesse og hatt full kontroll på heile flokken vil ikkje trivast med å gå ned i rang.  Den rampete sjarmerande jenta kjem ikkje til sin rett da.  Eg er også redd at skadene kan bli enda større om dette skjer igjen- uansett ikkje bra erfaring for nokon av oss.

Eg fekk lignande kommentarer når Ivo måtte vike for Atillus- men eg har gjort valg som eg klarer å leve med, kunne ikkje gjort noko annleis.
Den gong fekk eg også spm om dei ikkje kunne trenast til å vera sammen, men NEI- eg trur ikkje det, eg har ikkje klart det.   Og ein ting har eg lært- eg skal ikkje la det gå så lang tid før eg tar grep!

Eg har fått nokre henvendelser ang Lilly og eg skal svare om litt.  Nett no ønsker eg at folk heller leser det eg har skrive om ho i tidlegare blogg denne månaden og fakta under “hundene”.  Eg har det ikkje så travelt at eg ikkje har tid til å finne rett heim.

Trur dei fleste kommentarane eg har fått er godt meint, folk synes det er synd at eg må gi fra meg Lilly- men no har eg bestemt meg og ønsker at det blir respektert.  Lilly skal få det bedre ein annan plass og eg trivast godt sammen med Juba og mudigutta  🙂

Det har kosta flesk, bokstavelig talt! – å komme fram til dette + å finne ny heim til Yoric. Men no ser eg berre fram til at alt ordner seg og at eg kan ha fokus på trening og kos med mine svarte, heftige og arbeidsglade hunder!

Vi får prøve så godt vi kan å sjå opp og fram.

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s