Magisk

I dag sov eg heilt til nermere kl 09.00- veldig uvant til å vera meg.  Følte meg så utkvilt, glad og letta etter helga.  Eg hadde så lyst å blogge, legge ut bilder å fortelle korleis vi har hatt det når Yoric skulle møte sin nye eiger.  Dataen har hengt seg opp i helga så eg har ikkje fått lasta opp bilder, heller ikkje fått opne mail men håpte at eg fekk til å blogge no uten at dataen hengde seg opp.  Hadde så mykje koselig å fortelle…

Men så får eg virkelig bakoversveis, for det ligger mange ufine meldinger og venter, får virkelig får høyre hvilen grusom person eg er.  Så denne bloggen blir nok ikkje heilt sånn eg hadde tenkt.  Det verste er at eg til og med har blitt uthengt offentleg med fullt namn på FB.

Når det blir så ille så kan man virkelig lure på kva som skjer.  Personen som slenger aller  mest dritt kjenner meg heller ikkje og har kun fått info gjennom andre, har altså ikkje høyrt min meining eller versjon om “saken”.  Eg burde kanskje berre oversett det, men når det blir så ille blir det faktisk meir enn eg kan godta.  Men kva kan ein gjera, eg ønsker ikkje å kommunisere på eit sånt nivå.

Men det eg ville fortelle i denne bloggen var at endelig skulle Henric komme fra Sverige for å helse på Yoric.  Eg har vore spent lenge og det eg har grua meg mest for var at Yoric måtte reise litt motvillig (for han er jo så glad i meg…?).  Eg var redd han ville leite etter meg og gjerne stressa seg opp att fyrste tida i ny heim..  No når han endelig har landa så bra og blitt så trygg så skulle han rivast opp på nytt.  Men eg har snakka masse med Henric, advart han og spurt om han virkelig takler det om Yoric stresser seg opp att.  Og han har svart “rett” på alle spørsmål  🙂  Derfor har eg ikkje tvilt på Henric, men eg har hatt bekymringer for at det blir tross alt tøft ei stund for Yoric da.  Eller..???

Eg såg for meg at det kom til å bli ei tøff helg for meg også, har jo blitt så utruleg glad i den gutten.  Men det som skjedde når Henric kom er nesten magisk, sterkt ord men det var faktisk det.  Eg hadde bestemt meg for å opptre rolig og  fattet for Yoric sin del, men eg er ikkje den aller beste skuespilleren og veit jo at hundane senser det meste.

Men det som skjedde var at det tok kun få minutter før Yoric hadde bestemt seg for at han der Henric skulle bli  “MITT MENNESKE”  ❤  Trur aldri eg har sett noko lignande før. Det var virkelig gjensidig kjærlighet ved første blikk.  Så eg har berre vore så glad og utruleg  letta heile helga- har ikkje vore bekymra eller lei meg eit sekund.  Det har vore fantastisk godt å sjå dei to sammen.  Og Yoric passa heile tida på at Henric ikkje skulle reise fra han, så søtt og  HERLIG!  Når dei skulle reise sprang Yoric full fart til porten og snudde seg ikkje tilbake.  Rapporten fra Henric er at turen har gått på skinner og det heile føles berre så rett.  Henric har ønska akkurat Yoric lenge og dei to fortjente virkelig kvarandre.  Gleder meg til å høyre korleis det går vidare.  Er så takknemmelig for at eg no kan slappe av og vera heilt trygg for at eg har gjort det beste valget for den herlige gutten!

Her har eg omsider klart å laste opp eit bilde av gutta boys.  Synes virkelig dei kler kvarandre.

Dataen henger seg fortsatt opp så eg får ikkje til å laste opp bilder men tar det etter kvart.
No skal eg gå ein etterlengta lang tur med Juba og mudiane- det fortjener dei etter fleire mndr med lite aktivitet.  Men turen blir nok ikkje så lystbetont som eg hadde tenkt.
Blir stadig sjokkert og det hender eg lurer på om folk skjønner rekkevidden av det som blir skrive på FB.

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

7 Responses to Magisk

  1. sigerdriva says:

    Så bra alt gikk fint med Yoric. Men fy søren, noen folk bør ha munnkurv/sitte på hendene før de vil skrive på FB.. Så kjedelig!

  2. Emelie says:

    Men fy vad tråkigt att folk snackar skit på fb 😦 Så himla onödigt och tråkigt verkligen.

    Desto roligare att det har gått så bra med Yoric och Henric så här långt. Vi håller tummarna för att det fortsätter i samma fina stil och bara blir bättre och bättre för de två ihop.

    Kram

  3. Merete says:

    Blir helt sjokkert når jeg ser hva du skriver!! Jeg håper virkelig du klarer å gå med hevet hode videre (som du burde!), holde deg unna de som vil deg vondt og holde tett til deg de som vil deg godt! Jeg tenker masse på deg 🙂 Klem fra Merete =)

  4. Ann Sissel says:

    Duster finnes over alt, og når det blir på det nivået der er det du som scorer poeng… Blir jo flau på dens vegne. Men ikke sjokkert, faktisk… 😉

  5. Høres ut som full klaff, så flott!! Det høres iallefall veldig lovende ut med Yoric og dette går nok bra! Det er deg virkelig vel unt etter så mye arbeid og tankevirksomhet du har brukt på å finne et nytt, godt hjem til han.

  6. Guri says:

    Så flott med Yoric!

  7. Takker for meldinger folkens!
    Eg fekk mange telefoner også etter denne bloggen, men berre for å ha sagt det var det ingen som fekk svar- hadde ikkje ikkje lyst å sei så mykje meir om galskapen og no er eg ferdig med det 🙂
    Sånn er det med den saken!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s