Spent og tung dag.

I dag er det ein veldig spesiell og tøff dag for meg, for i dag skal Yoric helse på sin nye eiger og reiser avgårde til ny heim om alt klaffer.   “Frykter” nok at kjemien stemmer – ønsker sjølvsagt det da!  Det er ein som har forberedt seg godt og veit korleis han skal opptre for å oppnå kontakt med hunder generelt, så eg trur dette blir klaff.

Og sånn sett veit eg at eg har gjort det beste valget for Yoric, og ikkje minst det einaste rette overfor dei andre hundane mine.  Eg har hatt det alt for travelt med lufting og trening dei siste månadane.  Yoric har krevd sin del og siste tida har dei andre hundane begynt å bli utolmodige.  Mikke bikka på eit tidspunkt over i stress og viste tegn på mistrivsel.   Eg har hatt så vondt av at det blir sånn, det er heilt uholdbart.  Føler det har vore vakumtilstand i heimen lenge, har gått på autopilot og eg har heile tida dårlig samvittighet for dei som må ligge i bur.  Yoric fekk dekka sine behov i starten og han prioriterte eg høgast da.  Men så måtte eg prioritere dei andre meir og da hadde Yoric begynt å kreve meir også for å trivast.  Så da begynte han å stresse seg opp i bur og viste samme stressadferd som når han kom her.  Og etter det har det gått stort sett i eitt for å unngå at hundane stresser seg opp.

Yoric har vore i positiv utvikling stort sett heile vegen.  Eg har forberedt meg på at det kom til å komme fleire “tilbakefall” – at det ville bli 2 steg fram og eit tilbake, men det har vore bratt kurve og eg er veldig glad for at eg har prioritert sånn som eg har gjort.  Men det har kosta både tid, energi og det har gått på bekostning av dei andre hundane.  Så det skal også bli veldig godt når Yoric reiser.  Da er eg trygg på at han vil få det han trenger, og mine kan igjen bli ein harmonisk flokk som får springe i skauen og vera med meg igjen som før.

Eg veit det blir eit enormt tomrom etter Yoric- han har tatt stor plass.  Men eg har blitt lova både bilder, film og eg får helse på om nokre mndr.  Det har vore 2-3 stk som har vore aktuelle som ny eiger til Yoric og av alle ting har eg valgt han som bur lengst borte…  det har sitti laaangt inne, eg har tenkt meg om hundrevis av gonger men dette er heilt klart det eg ser som det beste alternativet for gutten og da blir det sånn.

Når eg sitter her og synes alt er tøft og trist så tenkjer eg på  Marianne  som for nokre dager sidan brått mista sin kjære aussiejente Vilja på 5 år- da blir dette bagateller i forhold.  Veit akkurat kva ho går gjennom av sjokk og sorg no, virkelig tøft.  Eg mista jo min Leon like brått og uventa berre 14 mndr gammel, og han er onkel til denne jenta.

Og her er Coda som er kullsøster av Vilja sammen med Lilly for nokre år sidan.  Ho dødde også heilt uventa 1,5 år gammel på fjelltur.  Ufattelig tragisk!

Ivo er halvbror til Leon og onkel onkel til Vilja, og Ivo har eg for lengst tatt ut av avl nettopp pga av at det har vore for mange uventa dødsfall i nær slekt til at eg trur det er tilfeldig.  Det er MIN magefølelse og samvittighet som gjer at eg står for det.  Eg veit at Anne som har overtatt Ivo aller helst ville ha klona Ivo-gutten, men for min del føles det godt midt oppi det heile at Ivo ikkje har avkom etter seg.  Føler eg har gjort eit riktig valg ang det når det skjer atter eit dødsfall i så nær slekt.  Har skrive meir om dette under “hundane”.

Så dette er bagateller i forhold til det Marianne går gjennom no, eg får i alle fall sjå Yoric igjen og eg beholder avlsretten.  Håper at han fortsetter å utvikle seg i rett retning og at han kan bli godkjent til avl.  Da kan eg få tilbake ein Yoric-bebbis ein gong i framtida  🙂

Denne dagen skal eg prøve å berre  kose meg sammen med Yoric- og gjere det eg kan for at møte med ny “pappa” blir bra.  Eg er ubeskrivelig spent og det veit eg andre også er  🙂

Så no skal eg gå ein tur med gutten min, ta litt fleire bilder og filme litt sidan eg har så få bilder av vakre vene gutten.  Me skal kose oss og eg må skjemme han litt ut før han reiser herfra  🙂

Håper alle som leser bloggen krysser fingrer og tær for at det blir bra for Yoric!

Legger inn litt bilder etter turen.

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

2 Responses to Spent og tung dag.

  1. Eirin says:

    Så deilig at det ordner seg for Yoric, og at du har funnet et godt hjem til han!!
    Gjør alltid litt vondt i morshjertet når de firbeinte flytter ut…

    Kondolerer til Marianne.. så fryktelig å miste sin hund sånn

    • Ja det gjer litt vondt i mors hjerte når det blir sånn, men aller mest godt. Det kjentes så rett me de to! Og eg får sjå han igjen- for Marianne er det eit stort tap- føler virkelig med ho!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s