Litt diverse.

I går reiste eg til Oslo på dommerkurs i freestyle, det var kjempe interessant!  Og eg fekk enda ein gong bekrefta at dette er på mange måter ein krevande sport å utføre og ikkje minst dømme.  Trur ikkje eg går meir inn på det, men det var i alle fall veldig lærerikt!

Når eg skulle heim på kvelden så starta ikkje bilen, fy søren så kjipt, blir så lei av alt som ikkje fungerer for tida!  Me prøvde med startkabler men fekk ikkje start, så eg ringde veihjelp.  Da måtte eg vente i nesten 2 timer før dei kom, og eg frykta jo at det var noko meir galt sidan det ikkje hjalp med vanlige kabler.  Vart berre heilt matt- såg for meg at bilen måtte på verkstad og da med to hunder i bilen- det hadde jo vore heilt krise!! MEN heldigvis så reiste eg for å ete middag med dei andre  og når bilhjelpa kom så var det berre flatt batteri!!  PHU!

Eg var heime seint på kvelden og var heilt pest.  I dag vakna eg opp med vondt i halsen og har ikkje gjort så store sprell.  Hadde tenkt å trene med hundane men det har blitt mest godbitsøk i dag.  Yoric har fått ein times tur i band, og han var virkelig flink!  På turen trefte me ei som var ute på ridetur og hadde løs hund med seg.   Dei kom litt brått på og det var smal sti så eg tok Yoric med meg ut i grøfta, men følte det ubehagelig tett når dei skulle passere og eg kom meg ikkje lenger ut.  Eg spurde jenta om ho kunne vera grei å ri litt tilbake for eg visste ikkje heilt korleis han ville takle at dei kom så tett.  Da snudde jenta og stod litt uten for stien sånn at vi kunne passere på ca 10 m hold, og da gjekk han SÅ fint forbi- litt nysgjerrig men passerte i heilt løst band  🙂  Veldig kjekt at sånne ting går så mykje bedre, blir så fornøgd!

Har vel aldri gjort noko galt eg vel..?

Må ta med dette bilde gutten der han vart hodeløs- nesten litt spooky! Han snudde seg så fort og det er berre ein anslse skugge etter hode…

Vakre vene.

Så vakker denne gutten er!

Elles har  gale Atillus lært seg noko nytt!

Han ser ikkje heilt god ut , men han er lurere enn han ser ut til!  Han har lenge kunna opna diverse bur men av alle ting opner har no sitt nye bur INNANFRA!  Det skal da ikkje vera mulig!  Men no har han gått på løst nett når det måtte passe han, men det passer meg veldig dårlig så lenge Yoric er her hos oss.  Så eg stenger med ein kasse framfor  buret for at han skal holde seg der!

Leger ved   FILM   av gale gutten der tillussen opner buret sitt.  Er klok da!  Han synes vel at han har lagt lenge nok i bur, så han ser nok fram til at Yoric skal flytte sånn at han får meir oppmerksomhet ja!

Ang Lilly har mange fått litt hakeslepp- og det forstår eg.  Men eg har tenkt meg om mange gonger og det må berre bli sånn.  Men eg håper at gojenta kan bu i nærheten sånn at eg får treffe ho att med gjevne mellomrom da.  Eg skal skrive meir om Lilly i ein annan blogg- trur faktisk ikkje eg heilt får roen på meg før det er i orden.  Det er så utruleg kjedelig når det blir sånn så no får eg gjera alvor av gullfiskprosjektet mitt  😦

Søtere jente enn lille Lilly finnes ikkje- herlig gemytt, lettvinn og grei  ❤

Elles har eg fanga mange mus i felle siste uka.  Eg HATER det men tenkjer da at musene dør fortere enn om eg gir dei gift.  Livredd for at hundane skal finne mus som har spist gift også!  Men fra i dag er det slutt på felle prosjektet og gift er lagt ut.  Det har seg nemmelig sånn at når eg skulle tømme fella i dag så hadde andre artsfrender spist bakdelen av musa- BLÆRK!  Kan henda dette “gårdslivet”  ikkje er noko for meg lell…  liker IKKJE mus!

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

4 Responses to Litt diverse.

  1. sigerdriva says:

    Kan du kanskje prøve å sette en hengelås på buret til Tillus? Eller noe lignende?
    Veldig synd med Lilly, håper du finner en løsning som kan fungere for deg 🙂

  2. ja eg må finne på noko lurt Inga- no har han løyst koden på det buret. Håper han får større frihet om litt!

  3. Utrolig fine bilder! De er så vakre! Er veldig trygg på at du finner ett godt hjem til begge! Skulle gjerne hatt de begge to, men så er det dette med kapasitet… og det er det ite av hos meg fortia..:/ Er jo kjempe koslig å ha Lilly her nå! Men føler at jeg/vi ikke får gitt alle nok, men Lilly er jo så enkel å ha med å gjøre og klager aldri! Untatt når hu ikke får maten til gutta da;) Men når alle skal trenes så føler jeg at jeg ikke har tid til alt.. men nydelige hunder<3 bare kjempe gode! 😀 Og Lilly er så god også^^ Oppdrar Jethro litt!^^

    • Ja det er nokre vakre hunder eg har 🙂 Og ingen reiser herfra uten at eg har gjort det eg kan for å finne den rette heimen.
      He he, høyrer Lilly når ho klager seg pga av at andre spiser maten ho helst skulle hatt 🙂
      Ho er jo berre lekker!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s