Store endringer i heimen

I dag har eg vore til Bø og gått på tur i sentrum med Yoric.  Synes gutten var veldig flink og eg såg mange lange blikk etter han, virkelig ein flott fyr som blir lagt merke til!  Ser for meg at han blir rålekker når han får lagt seg ut litt og blir voksen!

Yoric har vore her i ca to mndr og han har sett sine spor på godt og gæli.  Herlig gutt som har sjarmert meg heilt i senk, har aldri sett så masse sjarm og personlighet i ein og samme hund.  Me har opplevd masse sammen vi to!  Men no kjenner eg meg heilt klar for å sende han vidare, omsider.  Han krever meir aktivitet og eg har gjort mitt kjenner eg.  Da er det fantastisk godt at det sitter ein og klør i fingrane etter å jobbe med gutten, håper at desse to finner tonen når dei møtes.

Det har ikkje vore lett å finne fram til den perfekte heimen for Yoric.  Han er nok for søt for sitt eige beste.  Mange har ymta frampå, men dette er ein brukshund som trenger å jobbe og krever ein tydelig fører.  Det er ikkje nok å vera familiehund og gå ein times tur om dagen.

Moro å ta bilder av vakre gutten  ❤

Eg skal innrømme at dette har vore utruleg tøff tid, det har kosta masse tid og energi, og det har gått ein heil del ut over dei andre hundane mine.   Dei har fått mindre trening/ tur og stressnivået i heimen har stige.   Temperaturen mellom tispene mine har eskalert etter den siste løpetida.  Eg har sett at Juba har yppa med å springe inn i sida på Lilly, men dei har ikkje slost før det smalt skikkelig for nesten 5 veker sidan.  Da vart eg bitt i høgre handa når eg skulle skille dei ,og eg har enda veldig vondt i handa.  Lilly fekk vondt i nakken og bekken etter basketaket men fekk heldigvis hjelp av Renate.  No er ho friskemeldt men ho skal sleppe fleire sånne opplevelser!

Så no har eg bestemt meg for at eg vil finne ny heim til Lilly også.  Det er vel ingen som hadde trudd at eg kunne tenke på det- men sånn som det har blitt no så er det einaste rette å gjera.   Ufattelig tøffe tider med andre ord- men det føles godt å endelig ha landa.

Her var Juba nesten 1 år og allerede mykje større enn Lilly, så Lilly har ingen sjanse om det fyrst smeller  😦

Fra no av skal eg ha ein liten flokk som trives sammen uten at eg må organisere og stå på heile dagen for at alle skal få sitt.  Det var veldig fredelig før Yoric kom, men eg trur gjerne at Juba hadde benytta sjansen til å gå i Lilly om ikkje lenge uansett… Dei har vore gode venner inne men Juba har yppa når dei springer løse ute.  Juba er elles veldig grei med andre hunder, trur dette er meir ein kamp mellom tispene i flokken.  Veldig kjedelig!

Skal skrive meir om Lilly i ein annan blogg- si fra om de veit om nokon som kunne tenkt seg ei herlig lita aussiejente.

Finnes ingen søtere og triveligere aussie enn lille Lilly!

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s