Kiropraktor på Svenseid

I går kom vetrinær og kiropraktor Renate Nydal hit til Svenseid.  Det vart ein lang, nyttig og koselig dag!

Ivo var ein av dei som trengte behandlinga han fekk.

Og så måtte han ha litt pause sammen med Marie.

Og så var det tid for litt kooos!

Jethro vart også sjekka men der var heldigvis det meste bra  🙂

Juba derimot har vore plaga med ett eller anna i hofta nokre mndr og ho har lagt seg fort ned synes eg.  MEN om det skjer noko så er det bånn gass og så har ho blitt verre igjen.  Derfor har det vore lite herjing sammen med dei andre.  Veldig tungvint med fleire hunder som av ulike grunner ikkje kan springe løse sammen.
Elles har eg jo følt at ho har  jobba annleis enn ho gjorde i starten, da pirka vi masse på posisjoner og ho var RÅ!  Men eg har følt på at ho er ikkje der lenger og eg har tenkt at eg hadde ødelagt noko under treninga..  men når ho fekk behandling så fekk eg mange svar på kvifor det var blitt sånn.  Ho har nok fått seg ein trøkk eller strekk i hofta og ho trengte også   behandling langs spesielt eine sida.   Så det er ikkje rart at ho har endra seg ang trening da!  Fantastisk godt å få ei forklaring og ikkje minst god hjelp!

Så me får trene posisjoner litt på nytt ja!

Lilly har jo respondert så bra på behandlingane tidlegare, men etter at Juba smalt i  ho har ho vore ganske spak igjen.  Desse vekene har ho vore sammen med Ivo sin familie og ho har vegra seg for å hoppe.  Når Renate sjekka over ho så hadde nakken fått ein smell igjen, det er ganske naturleg sidan dette er eit svakt punkt.  Men no hadde ho i tillegg fått ein vridning lenger bak, og det var nok forklaringa på at ho ikkje ville hoppe.  Men uten om det var Renate veldig fornøgd  🙂  Ho meinte at Lilly var friskemeldt om ho berre slepper sånne opplevelser.

Sånn vil eg sjå lille snuppa!

Det viser så godt på heile ansiktet til Lilly om ho har det bra eller ikkje.  Eg vil at ho skal utstråle glede heile tida- det gjorde ho heilt fram til ho fekk denne skaden.  Som eg skreiv om Lilly under “hundane mine”-” lilly logrer heile tida, til og med når ho drikker vann.”  Og dette har ho ikkje gjort når ho har vore plaga med nakke og skulder, ho har også logra med heile seg og ikkje berre til ei side.    Etter fyrste behandlinga kom denne logringa tilbake sammen med det glade uttrykket- hadde nesten gløymt bort denne sjarmerande logringa og glade uttrykket.  Så behandlinga har gjort underverker for Lilly!

Og så var det Yoric da, ho var veldig godt fornøgd med utviklinga hans!  PHU!  Han har lagt på seg mange kilo og bygd masse muskler, men enda ønsker ho at han legger på seg meir.  Han trenger heller ikkje fleire behandlinger men kan med fordel få ein sjekk om 8-10 mndr.  Veldig glad for å høyre det!

Yoric elsker å springe- han har masse energi!

Når Renate var ferdig å behandle hundane så lufta eg Mikke ute og han sjarmerte seg til ein ikkje planlagt behandling.  Han er jo så muskuløs og spretten at eg hadde ikkje tenkt at han trengte det men han var litt stram på eit punkt og fekk nokre knepp han også.

Min spretne vakre mudigutt!

Det er utruleg godt å sjekke hundane, og spesielt Lilly, Juba og Ivo hadde veldig masse å hente denne gongen.  Andre hunder som var her hadde nok variert “utbytte” av det men det er lurt å følge med litt.  Som Renate seier så har det ofte gått langt når hundane begynner å halte eller gå ugjevnt.  Spesielt folk som trener og krever ein del av hundane sine burde lagt inn ein årlig sjekk.  Når folk begynner å snakke om at hunden ikkje gidder jobbe, er trassig osv så bør man kanskje sjekke opp ang helsetilstanden eller vurdere måten å trene på.   Ein frisk hund som er motivert og skjønner oppgåva vil jo jobbe!

Så eg anbefaler virkelig full helsesjekk hos Renate.  Ho er utruleg flink med hundane og eg er ikkje i tvil om at mine hunder har fått ein bedre kvardag etter desse behandlingane!

Eg kjem til å sette opp ny dato for behandlinger her på Svenseid.  Gi ein lyd om de er interessert.

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s