Hva nå?

Ja det lurer eg virkelig på, her er det litt vakumtilstander.  I natt har eg knapt sove og som kjent trur eg at bedre sovehjerte enn det eg har finnes knapt.  Lukker eg augene kan eg sovne på minuttet over alt uansett.  Trur heller ikkje eg overdriver ang det.  Men det har vore mykje å tenke på siste tida og eg har nok strekt strikken vel langt med alt som skal gjerast så eg har sove lite.  Men i natt var det Juba som har holdt meg våken, ho har klødd masse og vore urolig.  Det kan lyne og tordne og eg sover like bra, men når Juba plages sånn så får eg ikkje sove.  Juba har jo allergi, ho går på spesialfor og har fått kortison når ho har trengt det.  Eg har dusja ho gjevnelig med spesial-shampo og det har fungert ganske bra.

Eg vart heilt knust når eg fekk vite om allergien i vår, både fordi  avlsbiten faller bort og sjølvsagt fordi eg er så utrulig glad i den hunden og det er ille å sjå at ho plages.  Men som sagt har det stort sett gått bra- og arbeidsgleden har ho virkelig beholdt tross alt.

Men eg skjønner no at ho kanskje er meir prega av allergi enn det eg har orka å ta heilt innover meg.  Så da blir det på`an igjen med videre utredning.  Om sant skal seiast så er det eit reint helvete for meg- mister litt motet.

Eg har vel komt fram til at eg legger avlsbiten bort, sånn blir det med ei tispe som har vore plaga med nakke og skulder + ei med allergi.  Veit andre oppdrettere er “flinke” å bytte ut hundane alt etter kva som trengst for å avle, men eg er ikkje heilt der.  Det viktigaste for meg er kvardagen og trening med hundane, det er ikkje tema å bytte ut hunder etter om dei kan avlast på eller ikkje.  Ergo er eg ingen oppdretter.  Og iveren på å følge med på kull, evt avlshunder, stamtavler, gemytt og helse har dalt.
Synes det er veldig trist, eg har hatt eit kull og budde da  i valpekassa fyrste tida, og i skogen siste ukene dei var her.  Beste tida eg har hatt her på Svenseid!  Ikkje minst har eg stor glede med å følge valpane mine vidare, virkelig stolt av dei alle!

Men når eg seg at Juba plages går det sjølvsagt ut over motivasjonen til å trene også.  Og  på konkurransen i mai måtte me bryte nettopp pga kløe.

Legger inn film fra stevnet   HER

Dagen etter fekk ho kortison i forkant og fungerte bedre, da holdt det til 1 premiering.

Så det er ingen tvil om at det går ut over prestasjon i ringen.  Men eg håper virkelig Juba er med dei som kan få hjelp med allergien, orker ikkje tenkje på noko anna.

Rett før Juba vart sjuk fekk eg tilbake lysten på å konkurrere og virkelig satse, ikkje berre trene for moro og konkurrere når det passer.  Ein iver og pågangsmot eg ikkje har hatt sidan eg hadde Leon.
Juba var så utruleg arbeidssom, fokusert og uthaldande, og jammen kom vi med på lanslaget i freestyle 🙂   Moro!
Desverre vart denne gleda kortvarig, Juba vart sjuk og ufokusert noko som resulterte i fleire nedturer i ringen- trur eg tåler nokre trøkk i trynet før motivasjonen daler men for øyeblikket har eg mista litt piffen.  Me enda opp med minst mulig margin fra opprykket som er kravet for å vera med vidare på landslaget til neste år.  Nesten ikkje mulig!

Så no sitter eg her og lurer på vegen vidare,  skal eg droppe å satse på konkurranser, kun  “dilletrene” uten mål, blir eg fornøgd med det?

Uff- no er eg negativ her, tar ein skrivepause-skriver meir om litt..

Forresten, avslutter med noko positivt.  Eg og Kristine reiser til  Merete Huser i morgo- ho er mitt store idol innan freestyle så eg får håpe ho kan trylle meg til ein bedre hundetrener  🙂

Juba skal få kortison før vi reiser og me skal KUN fokusere på trening og kjekke ting, HEILE dagen!

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

4 Responses to Hva nå?

  1. Mikkel says:

    Av og til må man ta valget om hva som er viktigst for en, og jeg synes det er rett at det er hundene og ikke avlen!

    Og skulle filmen være til Ivos sporkonkurranse?

    • Ja det kan du sei Mikkel- men for meg har dette med avl faktisk betydd ganske mykje så skuffelsen er stor når det ikkje blir som eg hadde tenkt. Men det er likevel trening og gjerne med sikte på konkurranser eg verdsetter høgast med hundehaldet mitt. Kjedelig når det “svikter” på begge plan.
      Ivofilmen var ein glipp- den var tenkt berre til meg 🙂

  2. Mikkel says:

    Skjønner skuffelsen, men dessverre blir ikke alltid ting slik man ønsker bestandig. Og da er det viktig å kunne avgjøre at hunder ikke er gode nok for alv, i stede for bare å holde kjeft å pøse å kull. Det kommer en dag du har en fin tispe til i hus!

  3. Jo takk mikkel- får håpe at det ein vakker dag blir valper på tunet igjen 🙂 Men det blir langt fram i tid.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s