Valpeplaner….

I dag har eg stort sett lagt på sofaen med ullteppe og dyne på men fryser fortsatt.  Så kjiipt!  Lurer på om eg har eller får halsbetennelse  😦

Men sidan Jethro har vore på besøk her hos “besto” så har i alle fall Juba fått ut litt energi.  Dei to leiker så utruleg godt sammen og er som to turtelduer som heile tida herjer, springer eller legger seg ned og koser seg.  Dei er liksom opptatt av kvarandre heile tida  🙂

Eg gjekk 50 meter opp i skogen og hundane sprang i nesten ein halv time medan eg stod i ro og tok bilder, det passa meg bra i dag.

Juba og Jethro i skogen.

Så søte sammen desse to!

Vakre vene gutten!

Eg synes det er så stas å følge med på valpane i kullet mitt – alle har utvikla seg til flotte hunder som eigarane trivast godt sammen med.  Eg er virkelig så glad og stolt over dette kullet  🙂

No venter eg straks løpetid på Lilly og planen var å sette valper på ho da.  Eg veit nokon blir skuffa når det no blir utsatt til høsten eller kanskje våren igjen….  Og sjølvsagt synes eg også det er kjedelig å utsette dette når det har vore planen lenge.

Men sånn som Lilly har hatt det siste halve året så seier det seg sjølv at ho ikkje kan ha noko kull no.  Ho har streva med nakke og rygg over lengre tid pga av ein gammel skade og ho trenger tid for å bli bra.  Me var på behandling igjen sist veke og det var veldig mykje bedre no, og det ser eg på heile jenta  🙂  Ho er så leiken og glad om dagen!

Det frekke og freidige blikket er også  tilbake  🙂
Stakkars lita jente, ho har sett ut som ein bedrøva skabbete rev til tider…

Eg synes som sagt det er kjedelig at det blir sånn, men på den andre sida er eg litt letta også..  for eg skal innrømme at eg har virkelig grua meg, spesielt til fødsel!  Det vart mildt sagt eit helvete sist gong.  Lilly måtte jo føde på 17 mai og det var ikkje ein vetrinær å oppdrive når det vart komplikasjoner – dei eg fekk tak i var mange timer unna og var opptatt med lembing.    Det var berre så ille å sjå Lilly streva sånn uten at me fekk til å hjelpe ho.  Til slutt stilte Rolf Tore på Grenland dyreklinikk opp- da var den valpen som satt fast død, men så kom det 4 velskapte valper som perler på ei snor etter at den var fjerna.  Da var eg så letta og glad – ubeskrivelig!

Eg veit også at eg går meg veldig opp i dette om det skal bli valper igjen, det tar tid og eg skal  takle alt av opp og nedturer…   sist hadde eg gleda meg så lenge så det vart kjempe nedtur når Lilly gjekk tom  😦    Da vart eg rimelig stressa når me skulle prøve igjen, og jammen viste det seg at me hadde treft på feil dag- at det går an!!!

Heldigvis så stolte eg på Ivo som kom heim fra ferie- han var heilt bestemt på at det var no det gjaldt, og han hadde heilt rett nå me sjekka det opp hos vetrinær.  Så da reiste eg og Inga til Sverige for å treffe Jesse igjen- det vart eit vannvittig døgn…  !

Så i staden for valper blir det ein travel vår med fokus på freestyle.  Lilly skal få jobbe seg opp i sitt tempo men Juba skal endelig få brukt seg på både spor og freestyle.  Atillus vil eg trene mot konkurranse  🙂
Sidan me skal arrangere to FS konkurranser her i Lunde dette året vurderer eg å prøve med Mikke også, han er kjempe dyktig på heimebane men blir fort stressa om det er noko ukjent.

Sånn sett passer det bra at valpeplanane blir utsatt uansett.

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s