Dogs4All

Endelig kom den etterlengta helga på Lillestrøm, årets big happening for alle hundegale folk!  Spesielt stort var det for oss som  har brukt dei siste mndr på å trene inn eit freestyleprogram som skulle framførast på Dogs4All.


Og her entrer eg og Lilly ringen (dårlig bilde men som de ser er me enda ved godt mot..)

Enda er me delvis på nett…………

Juhuuuuu- eg jobber i det minste, he he

Som de sikkert skjønner så var me på nett kun sekunder i slengen   😦

Lilly er ikkje vant til å danse med eit sånt troll så det kan henda ho vart litt satt ut… hmmm

Dette er altså Silje sitt verk!  Trur ho og mange andre hadde det moro på min bekostning….

Sånn såg det ut bak..

Som de sikkert forstår så vart det ikkje noko god opplevelse for oss i ringen.  Det er vanskelige forhold på så store arrangement og me har ikkje trent i så krevande miljø.  Det er klart at alt speler inn men eg trur ikkje det var berre det som spelte inn for oss denne gongen.

For å sei det sånn så var det ikkje uventa at Lilly ville prøve å ta seg ein tur på eigehand, det har eg tatt høgde for…  Men da er det fordi ho er nysgjerrig, frekk og freidig og gjer som ho sjølv vil.  Denne gongen vart ho meir ubekvem i situasjonen, og ikkje ikkje berre pga av krevande miljø.
Når me trente i oppvarmingsringen var ho på nett, kjempe ivrig og tok eit “byks” mot meg som me har trent masse på i det siste.  Eg vart meget fornøgd og ville ha reprise på den øvelsen, men av alle ting så trakka eg på bandet og ho fekk eit røkk i bandet.  Eg såg på ho at det gjorde vondt så eg vart stressa og begynte å avlede febrilsk med masse masse godbiter.
( Lilly hadde store smerter i nakken i sommar og var halt fleire veker, derfor vart eg litt stressa når dette skjedde)

Me gjekk inn i ringen og me er ikkje rutinerte på noko måte så eg hadde ikkje forventa at det skulle gå på skinner akkurat men Lilly vart liksom så dempa.
No i ettertid ser eg på filmen at eg kunne med fordel improvisert enda bedre for å jobbe ho opp att men eg gjorde mitt beste der og da.

Eigentleg er det ikkje noko å vise fram sidan det ikkje vart noko vellukka, men eg veit mange har lyst å sjå filmen likevel så eg legger den ut..  prøver å ikkje ta meg sjølv så høgtidleg.

Filmen ligger        HER:        http://www.youtube.com/watch?v=BoSkH86BvrU

Eg er fornøgd med at eg klarde å jobbe såpass bra (?) for det er vågalt å gå i ringen etter alle dei RÅ flinke ekvipasjane!  På den andre sida burde eg kanskje brutt tidlegare men eg ville liksom få til noko lite før me gav oss..

Eg var også fornøgd med at eg klarde å vera positiv mot Lilly på “tross av” at ho ikkje opptrådte noko bra.  Mange var litt urettferdige mot hundane sine sånn sett synes eg..

Gull-jenta mi

Etter framføringa  tenkte på det med nakken.. ikkje ville ho leike med andre heller, viste leppa til hunder som bydde opp til leik og det er ikkje vanleg.  Lilly pleier å bli med på det meste.

Heldigvis kjente Marianne ei anna som var vetrinær også, og ho var i tillegg kiropraktor.  Ho kjente litt på Lilly og kunne bekrefte at ho var veldig stiv på venstre side og hadde tydelig smerter ved berøring.  Ho gav Lilly eit lite “knepp” men anbefalte fleire behandlinger hos kiropraktor og gjerne akupunktur i tillegg.  Sjølv skal eg massere ho og bytte ut halsband med sele.
Er så glad for at eg fekk sjekka det, eg følte virkelig at det var noko galt når ho vart så lav/dempa av eit rykk i bandet.  Grunnen til dette skuldast mest sannsynleg ein skade som ligger litt tilbake i tid.
No har eg bestilt time på Soleo neste onsdag og så vil eg til kiropraktor så snart som mulig.

Veldig kjedelig å halde desse jentene mine atskilt igjen, for Juba er ikkje akkurat forsiktig.  Håper berre det ordner seg fort.

Elles har eg MASSE meir å skrive om etter den innhaldsrike helga.  Desverre vart eg litt opptatt med meg og mitt så eg gløymde heilt å ta kontakt med andre eg skulle møte.  Håper eg er unnskylt- det har vore fullt av alle inntrykk og mange ting å halde styr på i helga.  Sjølv veit eg ikkje korleis eg hadde komt i mål uten Silje si hjelp, jammen godt nokon har kontroll på både meg, hunden, bilen osv!  Tusen takk Silje!

Blogger igjen i morgon om eg får tid.

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

6 Responses to Dogs4All

  1. Eva, jeg syns du gjorde en fenomenal innsats! Lett å tenke i ettertid at man skulle eller burde. Men der og da gjør man sitt aller beste. Og det gjorde du til gangs! Er fremdeles dødsimponert over både deg og Lilly! Skam på den som gir seg!
    Håper det går bra med Lilly! Vond nakke skal man ikke kimse av!

    • Gløymde forresten å svare ang nakken til Lilly, fleire som spør. Eg merker ikkje noko spesielt anna enn at ho vil ha dei andre hundane på avstand- gidder ikkje leike nei. Og ho får vondt om ho gløymer ser og f.eks hopper etter ball… elles har me gått på tur som vanleg i dag.

  2. Linda says:

    Nei, nå spøker det her. Det ene innlegget etter det andre forsvinner jo!!
    Prøver igjen.
    Ville bare skrive at jeg er fremdeles mektig imponert over både deg og Lilly! Det er lett i ettertid å si at man burde og skulle ha gjort. Der og da gjør man det beste man kan og det gjorde du til gangs, Eva!!
    Skam på den som gir seg!
    Håper det går bedre med Lilly. Vond nakke er ingenting å kimse av!
    Du så forresten smashing ut 😉

    • Ja det spøker visst Linda…. Har fjerna dei andre kommentarane som du skreiv.

      Og tusen takk for oppmuntrande ord, du er alltid så positiv 🙂
      Ja det er lett å sjå i ettertid kva eg skulle gjort, sånn er det alltid… lærer noko nytt kvar gong. Men eg prøvde så godt eg kunne! Det verste er jo om ein blir tafatt tenkjer eg, og det vart eg ikkje nei!

  3. Emelie says:

    Tycker att du kämpade på bra 🙂 Tråkigt att det blev som det blev, men bra att du höll humöret uppe och försökte så gott det gick. Skönt också att du fick någon som kunde titta på Lilly så fort så att hon fick hjälp för sin stackars nacke. Kram kram

  4. Takk for helsing Emelie!
    Det står ikkje på viljen og pågangsmotet her i gården nei, men klart det er kjedelig når det mislukkast så totalt 😦
    Lilly skal få behandling til uka, det er godt å få bekrefta at ho trenger behandling, at det ikkje berre er noko eg “føler” på…. eg veit eg er veldig “hundemor” 🙂

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s