Referat fra instruktørkurset i FS

Tradisjon tro så kjem eg ikkje heilt i mål med mine planer.  Det er mange ting å halde styr på for tida så her må eg prioritere hardt.  Og når kvelden kjem så er eg som oftast så trøtt at eg sovner faktisk før eg får begynt å blogge- (tidlegare sovna eg liksom undervegs da..)
Skal jaffal slutte å skrive at eg “blogger meir i kveld”… for det skjer visst ikkje.

Ein av dei tingene eg ville skrive om er instruktør-kurset med Frida Binette  forrige helg.  Så no skriver eg om det  🙂

Frida har mykje kunnskap som ho delte med oss på kurset.  Me var 13 deltakere og alle hadde mykje kunnskap innan hund, trening og kokurranser fra før.  Veldig gledelig at det er såpass høgt nivå hos dei som tar instruktørutdanninga, da har eg tru på at det er lettere å rekkruttere fleire til denne flotte hundesporten.

Frida hadde litt andre måter å trene på enn det er er opplært til og det er alltid noko nytt å ta med seg.

Mudi-mikke var ved som maskot  🙂

For eksempel såg eg veldig lite drakamp, oppgiring og leik…  ho hadde nok meir ro i øvelsane og var lite opptatt av fart og pressisjon under innlæring, og ho viste ofte med handa om hunden skulle stoppe.  Andre ting var at ho var opptatt av å legge tilrette for å minimere muligheten for at hunden gjer feil.  F.eks hunden skal læra å gå rundt deg mot høgre så har hunden band på og blir stoppa om den går feil veg.

Hunden skulle også alltid vite hvilken belønning som kjem- legge ord på belønninga og lære inn eit klikkerord som kan “erstatte” klikker.
Ho brukte også “bra” for å øke lengden på øvelsen/treninga før klikket kom.  Dette også for å unngå at hunden vart usikker og tilbød noko anna.  Hadde hunden jobba lenge så fekk den også godt betalt med drakamp litt lenger sånn at han huska lønna og ikkje all jobben.

Ho brukte mykje at hunden skulle bli nysgjerrig for å bli leda mot eit mål/øvelse for å få hunden i gang.   All hjelp må som alltid fort vekk.
Elles brukte ho target, omvendtlokking og godbitlokking som dei fleste kjenner godt til.  Såg ikkje så mykje bruk av shaping og ho anbefalte heller ikkje at me brukte mykje tid på det når me skulle ha kurs sjølve.

Ho brukte heller ikkje baklengskjeding i FS men bygger på øvelsane framover i programmet.

Ein av tingene eg merka meg er at ho hadde veldig god kontroll på hundane sine heile tida, ho hadde klare grenser og stilte krav.

Elles kom ho med utsagn som:  “Her er det ikkje snakk om å lese flest mulig bøker – gå heller ut og jobb!  Det er det ein lærer av og som god instruktør må du ha noko å vise til sjølv, ha ein hund å demonstrere med.”
Og det er vel nok av dei som har bestemte meininger om ting uten at dei kan vise til at teorien fungerer i praksis.

Me lærte også om ting som kva me burde tenkje på ang valg av musikk, øvelser me må ha trent inn for å flette sammen programmet og ting me må tenkje på når hunden skal utføre ulike øvelser.  Me var gjennom mange ting med skriver ikkje alt- da får eg ikkje tid til å trene i dag.

Frida var også klar på at alle deltakerne på våre kurs skal få like mykje hjelp uansett ambisjoner.  Me må sjå deltakerne an og legge tilrette for at dei lukkast og får oppgåver som passer ekvipagen som heilhet.
Kunne ikkje vore meir einig!

MIN EVALUERING AV KURSET:

– Synes heilt klart at dette var meget lærerikt kurs, og der me stilte spm og gjerne ikkje heilt følgte tankegangen fekk me gode forklaringer og svar.

– Ang leik og drakamp trur eg at eg fortsatt kjem til å bruke det oftere enn det eg fekk inntrykk av at ho gjer, eg er  opptatt av å komme i rett modus og få trøkk i øvelsane – men eg vil fort dra arbeidsøktene lenger og legge ENDA større vekt på lang leike økt etter vel gjennomført jobb.

– Eg er veldig glad for at ho bruker meir påvirkning for å hjelpa hundane i gang og minimere feil.  Synes det er kjekt å trene mest mulig hensiktsmessig og på denne måten slepper hunden å bli så frustrert og det innlæringa går fort.   Kjekt å sjå at dette fungerer så bra i praksis.

– Ho var ikkje spesielt opptatt av å shape øvelsane inn, eller å vente hunden ut over tid.  Eg må sei at eg er veldig glad i å fange og forme adferder og kjem til å fortsette med det.  Men eg synes ikkje det er moro å vente hunden ut for lenge sidan det ofte blir mykje frustrasjon i treninga.  Har mang ein gong sett frustrerte hunder og sure eigere når det er krav og høge kriterier som står i fokus.  Eg vil forme adferder mest mulig gjennom shaping men likevel hjelpe og støtte undervegs framfor berre stille krav.

– Ein annan ting eg fekk bekreftelse på er at det er ok eller gjerne det beste å bygge FS øvelsane gjennom å bygge på programmet fra start i staden for baklengskjeding.  Dette passer meg mykje bedre men det har lenge vore uskriven lov at alt skal baklengskjedast uten at eg har vore heilt fortruleg med det.  Sjølvsagt er det best på apportøvelser o.l  men det har ikkje vore naturleg for meg når eg tenkjer FS.  Veldig kjekt å få bekrefta det eg har tenkt rundt det!

– Elles hadde Frida vannvittig god kontroll sjølv med tre løse hunder i møte med andre…  kunne veldig godt tenkt meg den kontrollen men eg har nok med ein om gongen på sånne plasser.   Viktig med grenser og kontroll men eg er ikkje konsekvent nok, og har  heller ikkje nerver til å teste det ut.  Har nok med å holde kontroll på 3 stk i skogen der me ikkje treffer andre enn elgen i blandt.

Ein ting eg kjem til å huske godt er når me var 4 stk på gruppe, og me fekk mange instrukser på eingong om korleis me skulle gjennomføre ei oppgåve….  hellandussen!  Da gjekk det trille rundt for meg altså og heldigvis fleire andre også  :-p  Oppgåva vart repetert og eg trudde eg hadde tråden i det meste, heilt til me kom ut og me skulle gjennomføre dette med hundane….  Da viste det seg at alle hadde fått med seg ulike ting og forvirringa var total.  Når eg da skulle gjennomføre min del og det var 3 instruktører som skulle sjå på kjente eg virkelig presset altså  :-p  Berre det å ha ein fremmande hund i hendene, klikker, godbiter og det er fleire som spør eller kommenterer undervegs gjorde at eg fekk rett og slett ikkje til den lettaste ting!  Det blokkerte heilt og eg følte meg som DEN kløna!
Hunden skulle læra å “lukte” på ein blomst- men det enda med at hunden vart frustrert og spiste blomen i staden.
Sånn blir det når oppgåva er uklar, når mange ser på og fokus er litt hos dei andre på gruppa, litt hos hunden + mange ting i hendene..

Frida var ei ryddig dame å høyre på men i denne oppgava vart det litt vel masse på ein gong for dei fleste av oss.  Dette var utilsikta læring – men det understreker virkelig kor viktig det er å vera tydelig når man gir beskjeder og oppgåver til deltakerne!  Ubehagelig å bli så usikker rett og slett.

Elles hende det at eg trengte ei handsrekning av heilt andre grunner…

Frida forklarer og demonstrerer!

Og deltakerne følger med  🙂

Mange engasjerte mennesker samla på ein plass!

Kort oppsummert vart dette ei super og lærerik helg!  Eg har nok ein gong fått bekrefta at det beste er å bruke ulike metoder alt ut fra kva øvelse du jobber med.  Av og til vise/lede og andre gonger fange/forme ut fra det hunden tilbyr.

Heilt klar for å gjennomføre neste jobb!

Da kom eg omsider i mål med referat fra instruktørkurset.

I dag skal eg treffe att Fanta jenta ( Lillivo`s Head over Heels-La Boheme) fra Abba-kullet mitt.  Gleder meg masse til å sjå Pia og Fanta trene.  Lurer på om Lilly blir glad for å sjå dattera att i dag eller om ho kun er opptatt av å lage nye valper…  Her er det løpetid og det nermer seg stådager.  Men uansett må me jobbe så me kjem i mål til den store dagen i november!  Tar eg fram ei leike så gløymer ho heilt å tenkje på gutta!  Flink jente det!  Skal ta masse bilder i dag.

Sist men ikkje minst må eg gratulere Inga på kennel Sigerdriva med 5 små mudivalper i natt.  Gleder meg masse til å helse på!  Da har mudibestanden i landet auka med nermere 50 % i løpet av natta.   Fantastisk!

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

One Response to Referat fra instruktørkurset i FS

  1. sigerdriva says:

    Hørtes ut som et artig kurs!
    Takk fro gratulasjonen, her koser vi oss med de små!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s