Freestyle-konkurransen

Da har eg endelig tid til å skrive litt etter helgas freestyle-konkurranse.

Eg har sett fram til denne konkurransen lenge  og planen var å gå med både Atillus og Lilly.  Atillus skulle gå HTM (heelwork to music) som eg ser på som litt meir “krevande” på ein måte fordi det går meir på pressisjon ved beina.  Vanskelig å lage eit bra program som ikkje blir kjedelig da tenkjer eg.

Men Atillus skada poten sin så eg måtte trekke han fra konkurransen, veldig kjedelig når me hadde jobba så lenge for å få til eit program!  Men det får me ta att seinere, jobber vidare på samme program.

Lilly derimot vart eg aldri heilt ferdig med ang program..  hadde det sånn ca i hodet korleis det skulle sjå ut da men eg var ikkje heilt trygg på at eg kom til å huske alt..

Eg var heller ikkje trygg på at Lilly kom til å vera på samme planet som meg.   Ho har vore litt fjern siste uka, har ikkje tatt i mot godbit og ikkje vore heilt på lag.  Derfor trente eg lite og belønna med ball eller drakamp siste dagane, da tar ho heilt av uansett.  Ho skal vera dausjuk om ho ikkje gidder leike.  Eg blir jo bekymra når ho ikkje vil ha godbit også da, men ho har vore like ivrig på å stjele mat da… er visst ein heilt annan smak på stjelt mat.

Når søndagen kom så var Lilly varm på snuten og over hode ikkje interessert i godbiter, ikkje ein gong karbonadekaker.  Da tenkte eg mitt og hadde over hode ingen forventninger til bra resultat denne dagen.  Planen var å ta dette som trening med kun eit fokus : gi Lilly ein positiv opplevelse av å vera i ringen!

Vel framme i Askim  får eg beskjed om at fyrste ekvipagen hadde trekt seg så eg skulle starte, iiiik!   Snakk om å bli kasta ut i det.  Det vart knapt tid til å varme opp og eg gløymde heilt alle lure ting eg hadde tenkt ut….  Lilly er jo som kjent MEGET nysgjerrig og vil sjekke ut alt som skjer.  Me rakk ikkje heilt å komme i jobbemodus før me vart kasta ut i det og da er det enda vanskeligere å holde fokus….

Rett før me skulle i ringen blåste det sånn at det vart veldig mykje lyd/bråk fra høgtalerne som var dekka med plast.   Mange hunder synes jo sånt er ubehagelig men Lilly blir jo berre så vanvittig nysgjerrig og bestemmer seg for å finne ut kva som skjer inne i det teltet…  Ho prøvde å stikke avgårde fleire gonger før me starta så da bestemte eg meg for å plassere meg langt fra høgtalerne når eg skulle i ringen.  Akkurat ja.  MEN så var det sånn at det plutselig var vår tur og da gløymde eg det og plasserte meg rett framfor høgtaleren, at det går an!  Gløymde også å helse på dommarane som eg veit man skal gjera- datt heilt ut på sånne praktiske ting men var flink å halde fokus på at Lilly skulle ha ein god opplevelse i ringen da  🙂

                                                        To stolte jenter på pallen!

I løpet av programmet prøvde Lilly å sjekke ut omverden og ikkje minst teltet  men eg klarde å hente ho innatt.  Så eg vart veldig overraska over at det holdt til seier!  Fekk godt betalt  under “høg vanskelighetsgrad” på øvelsane og bra “tolking av musikk”.

Filmen av oss ligger  HER  (dobbel-klikk og opne i nytt vindu)

Dei to andre som fekk rød sløyfe hadde flotte program så eg hadde aldri trudd at eg skulle vinne.  Det var gjemt over bra nivå på deltakerne så eg hadde absolutt ingen forventninger om å stå på pallen denne gongen.   Eg vart veldig overraska og glad 🙂

Veldig fornøgd med at Lilly klarde å prestere såpass bra når ho ikkje var i topp form, fekk knapp tid til oppvarming og da med ein fører som ikkje var heilt på nett (les-lettere stressa).

Dette gav uten tvil meirsmak!  Lilly takler jo alt av miljø på strak labb og er veldig fokusert når ho fyrst er i jobbemodus, så derfor har eg stor tru på at me kan få til noko enda bedre enn dette til neste konkurranse  🙂
No er me virkelig i gang her, he he.  Om eg tar heilt av så får de i Gnisten -gruppa jekke meg ned nokre hakk.

Må også skryte av flinke arrangører!  Veldig ryddig ang info, svar på mailer og veldig bra gjennomført arrangement!
Høyrer om arrogante ringsekrektærer og dommere innan andre hundesporter og det bidrar ikkje akkurat til rekruttering..  Innan freestyle har eg  inntrykk av at alle vil legge til rette for at man skal lukkast framfor å vera unødvendig firkanta og arrogant.

Liker også at samspelet mellom hund og eiger blir verdsatt og belønna i denne hundesporten.
Ikkje nok å få hunden til å utføre ein øvelse/moment kjapt og nøyaktig- heilhetsinntrykket av ekvipagen er også viktig!

Håper virkelig fleire får augene opp for denne flotte hundesporten!

Elles setter eg veldig stor pris på at  Silje  og   Marie   blir med heilt til Askim (3 t kjøring fra meg) for å vera publikum.  Det betyr masse at andre stiller opp, viser interesse, oppmuntrer og ikkje minst hjelper til med lufting av hunder, filmer og  tar bilder!  Tuuusen takk for det jenter!

Og eg er veldig glad for at Ivo også blir med på desse turane!  Til våren er nok Marie og Ivo klar for konkurranse!  Gleder meg veldig til å sjå dei to i ringen!

Verdens søtaste aussier  🙂

Kristine og Pepper     gjorde også ein god figur i ringen men det holdt ikkje heilt til rød sløyfe,  det er masse som skal klaffe ein sånn dag.  Rekner med at Kristine blogger fra konkurransen om litt  🙂

Da er det tid for ein lang tur med hundane-  herlig med ein fridag midt i uka!

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

4 Responses to Freestyle-konkurransen

  1. hihi så flink dere er! Gratulerer 🙂
    Og Lilli er jo bare et sjarmtroll uten like!

  2. Dere var kjempe flinke:D Var kjempe moro å være med å se på:D Gleder meg til neste gang:D

Leave a comment